©2019 Berit Opheim

BERIT OPHEIM

Songar

Berit Opheim er ein av våre mest akta folkesongarar. Med ei nyfiken haldning til musikk har ho stadig funne nye uttrykk, mellom annan i tidlegmusikk, middelaldermusikk, samtidsmusikk og improvisert musikk. Den musikalske allsidigheita hennar har vunne mange lyttarskarar på tvers av sjangrane, og ho leikar seg stadig i krysningsfelta mellom dei. Opheim byrja karriera på slutten av 1980-talet, og er kjend for si konsentrerte formidling, sceniske ro og djupvarme røyst.

 

OM BERIT OPHEIM

Berit Opheim er ein av våre mest akta folkesongarar. Med ei nyfiken haldning til musikk har ho stadig funne nye uttrykk, mellom annan i tidlegmusikk, middelaldermusikk, samtidsmusikk og improvisert musikk. Den musikalske allsidigheita hennar har vunne mange lyttarskarar på tvers av sjangrane, og ho leikar seg stadig i krysningsfelta mellom dei. Opheim byrja karriera på slutten av 1980-talet, og er kjend for si konsentrerte formidling, sceniske ro og djupvarme røyst.

​​Opheim har bak seg mange års samarbeid med musikarar som Nils Økland, Sigbjørn Apeland, Rolf Lislevand, Karl Seglem, Terje Isungset, Benedicte Maurseth, Håkon Høgemo, Bjørn Kjellemyr, Gabriel Fliflet og Leif Stinnerbom. I 1995 gav ho ut klassikaren «Dåm» saman med Grete Pedersen og Oslo Kammerkor, - eit album som utforska folkesong i korsamanheng og sette ein ny standard for dette. Seinare vart det fleire samarbeid med dirigent Grete Pedersen, m.a. også gjennom Det norske solistkor. Opheim har også vore solist med fleire ensemble og orkester, m.a. Det Norske Kammerorkester, Kalmar kammarorkester, Kringkastingsorkesteret, BIT20-ensemblet og Ensemble Moderne i Montreal. Opheim var i mange år medlem av den internasjonalt anerkjende Trio Mediæval. I folkemusikkoppsetninga av Tryllefløyta (2005-2006) hadde Opheim ei av hovudrollene som Nattens dronning, og som Papagena. I 2015 laga Opheim soloframsyninga «Tre vakre vener» saman med regissør Leif Stinnerbom. Opheim har laga musikken til verka «Tidekverv» saman med Benedicte Maurseth og «Ein engel går stilt» saman med Ståle Storløkken. Sistnemde var tingingsverk til VossaJazz 2007. Opheim har gjennom dei siste 20 åra regelmessig framført det gamle visjonsdiktet Draumkvedet. Berit Opheim har fire sigrar frå Landskappleiken kor ho også har vore mykje nytta som dommar.


Fleire verk har vore spesialskrivne for Berit Opheim, mellom anna av samtidskomponisten Lasse Thoresen. Samarbeidet med Thoresen starta i 1991, med «Helligkvad» (for solo song). Seinare skreiv han mellom anna «Løp, lokk og linjer»  for Opheim og BIT20-ensemblet. 

​Berit Opheim har si songutdanning frå Bergen Musikkonservatorium (no Griegakademiet) og Norges Musikkhøgskole. I tillegg har eigenstudiar vore avgjerande for hennar musikalske danning og signatur: tallause møte med eldre kjelder og lytting til arkivopptak.


Berit Opheim er førsteamenuensis og har undervist/underviser ved både Ole Bull Akademiet på Voss, Griegakademiet i Bergen og ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. I tillegg har ho hatt ei omfattande kursverksemd og har etablert kvedargrupper for både born og vaksne.


Berit Opheim (1967) er frå Voss.

 

BERIT OPHEIM

Berit Opheim is one of Norways most beloved traditional singers. With a curious approach to music, she is continuously moving towards new expressions in medieval music, comtemporary - and improvised music. Many listeners have gravitated towards

Opheim due to her musical versatility and willingness to explore different genres.

She started her career in the late 1980s and is known for her warm stage presence and voice.  

 
 

KONTAKT

+47-95048067

dsc_9922.JPG
 

SCHEDULE

January 24, 2024

!6.-18. august

KLANGFESTIVALEN, VEØY

Opningskonsert saman med m.a. Karl Seglem fredag, Edvard Hoem-kveld laurdag og Draumkvedet saman med Kåre Nordstoga og Karl Seglem sundag

Måndag 19. august

UNIVERSITETET I SØRØST-NORGE, RAULAND

Konsertinnslag saman med Trio Mediæval

13.-15. september

KORSEMINAR I BERGEN

Avslutningskonsert i Bergen Domkirke sundag kveld saman med seminarkor, Multa Paucis og Mikael Hedne, Jo Asgeir Lie og Johanne Mjøs

 

SCHEDULE

January 24, 2024

DEN KULTURELLE SPASERSTOKKEN

16.-20. september

Konsertar på aldersheimar saman med Gabriel Fliflet

TRONDHEIM KAMMERMUSIKKFESTIVAL

23.-25. september

Musikk av Lasse Thoresen, Helligkvad og Løp, lokk og linjar

BERGEN KIRKEAUTUNNALE 27.-29. SEPTEMBER

Himlaleite fredag 27.9., St. Jakobs Kirke saman med Gabrile Fliflet og Jorunn Marie Kvernberg. 
Engelens dagbok 29.9. , Bergen Domkirke, saman med Julian Misic, Elisabeth Vannebo og fleire

This is your Schedule Item. Provide details about the event or activity, where it’s located and any other relevant information for your visitors. Add photos to make it shine.

 

SCHEDULE

January 24, 2024

2. - 5. oktober

HILDO PÅ TURNÉ I NORD

Bodø, Målselv, Hemnes, Brønnøysund

11.-13. oktober

FOLKESONGFORUM

Norges Musikkhøgskole

25.-27. oktober

OSAFESTIVALEN

Tre vakre vener, konsertforestilling. Kvedarkurs (kortkurs) m.m.

 
This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now